Personvern
Kort og ope om kva som skjer med opplysningane dine når du bruker tmmedia.no, og kva som gjeld når du kjøper materiell eller tingar eit oppdrag.
Kven er ansvarleg?
™media er eit enkeltpersonføretak drive av Torkjell Midtgaard, og er behandlingsansvarleg for personopplysningane som blir behandla på tmmedia.no.
™media · Org.nr. 987 740 728 MVA · Skaret 22, 6035 Fiskarstrand · post@tmmedia.no · 99 00 12 48
Kva vi samlar inn, og kvifor
Vi samlar berre inn det vi treng. Her er ei oversikt over kvar opplysningane kjem frå, kva vi bruker dei til og kor lenge vi tek vare på dei.
Når du kontaktar oss
- Opplysningar
- Namn, e-postadresse, eventuelt telefonnummer og det du skriv i meldinga – via kontaktskjemaet eller e-post.
- Formål
- Å svare deg og følgje opp førespurnaden.
- Grunnlag
- Berettiga interesse i å svare på henvendingar (GDPR art. 6 nr. 1 f), eller å inngå ein avtale du ber om (art. 6 nr. 1 b).
- Lagring
- Så lenge saka pågår. Blir det ikkje noko oppdrag eller kjøp av det, slettar vi korrespondansen innan rimeleg tid.
Oppdrag og fakturering
- Opplysningar
- Namn og kontaktinformasjon til deg eller skulen/verksemda, fakturaadresse og eventuelle bestillingsreferansar.
- Formål
- Å levere oppdraget eller tilgangen, og sende faktura.
- Grunnlag
- Avtale (art. 6 nr. 1 b) og plikta vår etter bokføringsregelverket (art. 6 nr. 1 c).
- Lagring
- Rekneskapsmateriale blir teke vare på så lenge bokføringslova krev, normalt fem år etter utgangen av rekneskapsåret.
Statistikk
- Opplysningar
- Kva sider som blir besøkte, kor lenge, kva eining og nettlesar som blir brukt, omtrentleg stad og ein tilfeldig ID lagra i ein informasjonskapsel.
- Formål
- Å forstå korleis sidene blir brukte, slik at vi kan gjere dei betre. Vi bruker ikkje statistikken til reklame.
- Verktøy
- Google Analytics 4 (Google Ireland Ltd.) og den anonyme besøksstatistikken til Framer, som driftar nettstaden.
- Grunnlag
- Samtykke (art. 6 nr. 1 a). Du kan når som helst trekkje samtykket tilbake.
Informasjonskapslar og lagring i nettlesaren
Informasjonskapslar (cookies) og lokal lagring er små datamengder som blir lagra i nettlesaren din.
Dette blir lagra
- _ga, _ga_*
- Google Analytics. Skil besøkjande frå kvarandre. Varer i inntil to år.
- fagoya:…
- Hugsar kva punkt du har lese i eit tema, slik at du ser framdrifta di. Blir berre lagra på eininga di og blir aldri sendt til oss.
Du kan slette eller blokkere informasjonskapslar i innstillingane i nettlesaren din. Sidene fungerer like godt utan.
Tenester vi bruker
Nokre funksjonar på sidene blir levert av andre. Når sida hentar innhald frå dei, får tenesta IP-adressa di, slik det er nødvendig for at innhaldet skal kome fram.
Leverandørar
- Framer
- Driftar og leverer nettstaden, kontaktskjemaet og den anonyme statistikken.
- Google Analytics og skrifttypar (Google Fonts).
- YouTube
- Nokre sider viser videoar frå YouTube. YouTube kan setje eigne informasjonskapslar når du spelar av ein video.
- Open-Meteo
- Vêret nedst på sida. Det blir ikkje sendt anna enn sjølve førespurnaden.
- Skolefag.com
- Lærarpakkane blir selde i nettbutikken vår Skolefag.com, som går på Shopify. Der gjeld personvernerklæringa og vilkåra i butikken.
Nokre av leverandørane er amerikanske eller har amerikanske eigarar. Overføring av opplysningar ut av EØS skjer då på grunnlag av EU–US Data Privacy Framework eller standardpersonvernvilkåra til EU.
Deling av opplysningar
Vi sel aldri opplysningane dine, og vi deler dei ikkje med andre enn leverandørane som er nemnde over, som berre får behandle dei på våre vegner. Vi kan utlevere opplysningar til styresmakter dersom lova krev det.
Rettane dine
Du har rett til å vite kva vi har lagra om deg, og til å bestemme over det. Send ein e-post til post@tmmedia.no, så svarar vi innan ein månad.
Meiner du at vi ikkje behandlar opplysningane dine i tråd med regelverket, kan du klage til Datatilsynet (datatilsynet.no). Vi set pris på om du kontaktar oss først, så vi kan rette opp i det.
Tryggleik
Nettstaden blir levert over kryptert tilkopling (HTTPS). Vi tek vare på opplysningar i tenester med god tilgangskontroll, og berre ™media har tilgang til dei.
Endringar
Vi oppdaterer denne sida når vi endrar korleis vi behandlar personopplysningar. Datoen øvst viser når ho sist vart endra.
Kjøp og bruk
Lærarpakkar på Skolefag.com
Presentasjonar, arbeidshefte, testar og prøver blir selde i nettbutikken Skolefag.com. Der står pris, kva som er med, og vilkåra for kjøpet. Ein lærarpakke gjeld éin lærar og er til bruk i eiga undervisning.
Skular og faktura
Skular og kommunar kan kjøpe tilgang mot faktura. Ta kontakt på post@tmmedia.no for tilbod. Fakturaen blir send på e-post, og betalingsfristen står på fakturaen. Oppgi eventuell bestillingsreferanse når du tingar.
Oppdrag for foretak
Oppdrag innan grafikk, lyd, web, film og foto blir avtalte særskilt, med pris, omfang og leveranse i eit eige tilbod.
Angrerett for digitale produkt
Digitalt innhald blir levert med ein gong etter kjøpet. Når du samtykkjer til levering før angrefristen er ute, fell angreretten bort (angrerettlova § 22 bokstav n).
Opphavsrett
Tekst, bilete, lyd og video på tmmedia.no er verna av åndsverklova og eigd av ™media dersom ikkje anna er oppgitt. Du kan gjerne lenkje til sidene og vise dei i undervisninga, men ikkje kopiere, selje eller vidareformidle innhaldet utan løyve.
Innhaldet er laga av ™media. Nokre tekstar, bilete, lydar og videoar er laga eller henta med hjelp av ChatGPT, ElevenLabs, Shutterstock, Unsplash og YouTube.
Lovval
Norsk lov gjeld. Usemje skal vi først prøve å løyse i minnelegheit. ™media er eit enkeltpersonføretak og tek atterhald om hendingar utanfor vår kontroll (force majeure), men vi held deg alltid orientert.