1.1Kva er lyd?
Lyd er definert som hurtige endringar i det statiske trykket i lufta. Dette vil seie at når noko skapar vibrasjonar i lufta, vil dette skape endringar i trykket. Dette er det vi kallar lyd. Variasjonar i lufttrykk kan oppfattast av mennesket 20–20 000 gonger i sekundet.
av trykkendringane er målt i hertz (Hz). Til dømes om det er ei trykkendring som skjer 50 gonger pr. sekund, vil vi seie at frekvensen er 50 Hz.
Lyd er ikkje avgrensa til berre å reise gjennom lufta, men kan også flytte seg gjennom fleire andre typar materiale. Farten til lyd gjennom luft under normale tilhøve ved overflata til havet er om lag 343 meter pr. sekund.
1.2Lydstyrke og stille rom
er eit mål på lydstyrken og beskriv kor store svingingane i trykket er. Større svingingar tilsvarar høgare lydvolum.
Målinga av skilnaden mellom ulike lydtrykk er oppgitt i ei eining kalla (dB). Normal daglegtale på ein meters avstand ligg på om lag 60 dB.
Rom som er heilt stille, utan noka form for lyd, er sjeldne og finst berre i særskilde rom som blir kalla «». Desse romma er konstruerte for å absorbere all lyd og reflektere lydbølgjer så lite som mogeleg. Det er i slike rom at forskarar kan utføre nøyaktige målingar av lyd utan forstyrringar. Lydstudio har også slike rom.










