1.1Musikk gjennom slavehandelen
Den afrikanske musikken kom til Amerika gjennom . Mange menneske vart tekne frå heimane sine i Afrika og sende over havet for å jobbe som slavar. Livet deira var veldig vanskeleg, men ein av dei måtane dei klarte å halde ut på, var gjennom song og musikk. Dei song ofte medan dei jobba på jordene eller i husa til dei som eigde dei. Songen hjelpte dei med å kjenne seg betre, og gjorde jobben litt lettare. Over tid laga dei sin eigen spesielle måte å syngje på. Dette var starten på ein ny type songtradisjon, som var ei blanding av det dei hugsa frå Afrika, og det nye livet deira i Amerika.
1.2Rytmar utan trommer
Men dei som eigde slavane var redde. Dei var redde for at slavane skulle bruke trommer og andre rytmeinstrument for å snakke saman og planleggje å gjere . Så slavane fekk ofte ikkje lov til å bruke slike instrument. Likevel klarte dei å lage rytmar på andre måtar, til dømes ved å klappe hender eller trampe føter.
1.3Blå tonar og synkope
Den afrikanske musikken hadde ein spesiell måte å lage tonar og rytmar på. Ein av dei tinga som var spesielle, var noko som blir kalla «». Dette er tonar som ikkje er heilt høge eller heilt låge, men ein plass i midten. Når du høyrer på musikk som blues eller jazz, vil du ofte høyre desse «blå tonane».
Ein annan viktig del av afrikansk musikk er noko som heiter «». Dette er ein spesiell måte å spele rytmar på som høyrest litt uventa ut. Tenk deg at du klappar takta til ein song, og så plutseleg klappar du litt før eller litt etter dei andre. Det er slik synkope høyrest ut. Du kan høyre synkope i mange ulike typar musikk, som funk, jazz og latinamerikansk musikk.
Musikk frå Afrika har hatt stor innverknad på musikk i mange land, og har hjelpt til med å lage mange av dei musikktypane vi liker i dag.








