1.1To skriftspråk, mange dialektar
I Noreg har vi to offisielle norske : nynorsk og bokmål. Desse skriftspråka har fastsette reglar som vi må følgje når vi skriv. Men når det kjem til , har vi ikkje noko offisielt talemål i Noreg. Det betyr at vi stort sett kan bruke vår overalt, anten det er i skulen, på jobb eller i media. Grunnen til denne språklege fridommen er djupt forankra i språkhistoria vår og den lange kampen for å etablere eit eige norsk skriftspråk bygd på dei norske dialektane.
Denne unike situasjonen i Noreg kan sporast attende til 1878 då Stortinget vedtok at undervisinga i skulen skulle gå føre seg på talemålet til barna. Elevane skulle også få lov til å bruke sitt eige talemål på skulen. Dette er ganske unikt for Noreg og har ført til at dialektane står mykje sterkare her enn i mange andre land.
1.2Kvifor snakkar folk ulikt?
Men kvifor snakkar folk ulikt? Språket vårt er forma av mange faktorar, som geografi, sosial tilhøyrsle, historie og kultur. Noreg sitt varierte landskap med fjell, dalar og kystlinje har ført til isolerte samfunn med lite kontakt med kvarandre, noko som har tillate dialektar å utvikle seg fritt. Sosiale faktorar spelar også inn; korleis vi ønskjer å verke på andre, kan påverke korleis vi snakkar. I tillegg er historia og kulturen vår rik og mangfaldig, noko som speglar seg i språket vårt.















