1.1Kva skulle vere norsk?
Etter kvart byrja òg lærde folk i byane å få auga opp for den rike . På 1800-talet var mange norske svært opptekne av å byggje Noreg som ein sjølvstendig nasjon. Men sjølv om dei ønskte å styrkje det norske sjølvstendet, var det ulike meiningar om korleis dette skulle gjerast.
Nokre meinte at Noreg burde byggje vidare på dei felles dansk-norske tradisjonane. Noreg og Danmark hadde vore i i fleire hundre år, fram til 1814. Andre meinte at Noreg burde finne sin eigen veg og utvikle ein eigen nasjonal identitet.
Det dukka opp fleire spørsmål: Korleis skulle Noreg som nasjon finne identiteten sin? Skulle nordmenn halde fram med å skrive og snakke dansk? Desse spørsmåla delte folk i ulike grupper. På den eine sida stod dei som ønskte at Noreg skulle utvikle ein eigen norsk identitet, og på den andre sida stod dei som ønskte å byggje vidare på den dansk-norske kulturarven.
To kjende norske forfattarar, Henrik Wergeland og Johan Sebastian Welhaven, stod sentralt i denne striden. Dei representerte ulike syn i debatten om norsk kultur og identitet.
1.21814 og eit nytt styre
1814 var eit viktig år for Noreg. Landet fekk si eiga den 17. mai, og unionen med Danmark tok slutt. Noreg var sjølvstendig i ein kort periode, før landet gjekk inn i ein union med Sverige same året. Denne unionen varte fram til 1905.
På denne tida skjedde det òg store endringar i korleis Noreg vart styrt. Grunnlova gav ein stor del av den mannlege befolkninga ved stortingsval, og ho gav folket større politisk innverknad enn tidlegare. Likevel var det framleis embetsmennene som hadde mykje av makta i landet, medan fleirtalet av nordmennene var bønder eller arbeidarar som budde spreidde utover landet.
I andre halvdel av 1800-talet byrja dette gradvis å endre seg. Nye skulelover gjorde at fleire fekk tilgang til utdanning og opplæring, noko som førte til store endringar i samfunnet. Denne perioden var ei tid med store omveltingar og viktige avgjerder som var med på å forme det moderne Noreg vi kjenner i dag.





















